UKENS SPILL (et fantastisk motspill) AV: Sam Inge Høyland. Han utfordrar Christian Bakke til neste uke.

Bryt skvisen!

Dette spelet er frå SIB (Sørlandets internasjonale bridgeuke) i 1997, og eg spelte parturneringa med Per Aronsen.

Meldingane gjekk:

Meldinger sam inge

Sam inge 2

Eg sat i Ø og spelte ut kl kn som gjekk til E i bordet. Her er det 3 hjartertaparar og ein muleg ru-tapar. Ru-taparen kan ein bli kvitt viss hjartene sit 3-3 eller at vi spelar ru frå feil hand. Speleførar spelte hj som makker stakk med D og fortsette med hj K og hj E. Då sette eg meg til å tenkje før eg la kort på hj E. Det kan vere freistande å legge styrke i ru. Men for å kome opp i 15 HP, må speleførar ha sp EK, ru E og KD i kl i tillegg til hj kn. Så stilte eg meg spørsmålet; kva skjer om eg kastar styrke i ru viss speleførar opprinneleg har KD fjerde i kl? Jau, han trumfar hj høgt, trekk ut trumfen og vi får følgjande sluttstilling når det er 4 kort igjen:

Sam inge 3

Når speleførar spelar siste trumfen frå bordet, blir eg skvist i kl og ru. Og trumfen min er uansett verdilaus sidan makker maksimalt kan ha sp 10. Så difor stal eg makkers hj E og spelte kl  10 opp att. Skvisen vart broten og det vart ei beit i kontrakten!

Mvh Sam Inge

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *